Slik lånar du hjelpemiddel i inntil tre månader
Har du behov for hjelpemiddel i ein kort periode, i inntil tre månader kan du låna frå kommunen sitt korttidslager.
For utlån eller spørsmål ta kontakt med
- Ergo- og fysioterapitenesta
telefon 55 08 14 16 eller mobil 91 39 29 68
- Austevoll hjelpemiddelsentral mobil 91 69 27 34
Ta kontakt så tidleg som du kan for å sikra at vi har det du treng på lager.
Lånetida er inntil 3 månader.
Nettsida til Austevoll arbeidssamvirke
Døme på hjelpemiddel du kan låna:
- rullator
- "toalettforhøyer"
- badekarbrett
- toalettstol
- dusjkrakk
- manuell rullestol
- sjukeseng
Krykkjer til vaksne og barn du kjøpa på apotek i Bekkjarvik eller på Storebø.
Støttehandtak og rekkverk må du kjøpa sjølv på til dømes byggevareforretning, Enklare liv, Biltema, Clas Ohlson.
Du kan hente hjelpemiddelet på Austevoll hjelpemiddellager ved Austevoll arbeidssamvirke (ASV).
Er dette vanskeleg eller du skal ha større gjenstander som til dømes sjukeseng, køyrer vi hjelpemiddelet heim til deg.
Det er svært viktig at du leverer hjelpemiddel tilbake så snart du ikkje har behov for dei.
Ta kontakt om du treng hjelp til å få dei henta.
Publisert 11.06.2018 13.00
Sist endra 27.09.2022 09.21