Fritak frå teieplikt mediesaker
Alt helsepersonell i Austevoll kommune er bundne av teieplikta jf. helsepersonellova og pasient- og brukerrettighetslova. Dei kan derfor ikkje uttale seg eller gje informasjon om din helsetilstand, utan at du formelt fritar dei fra teieplikta. Fritaket må gjelde all relevant informasjon i den spesifikke saka.
Publisert 04.04.2023 08.57
Sist endra 04.04.2023 13.25
Eit fritak frå teieplikta inneber ikkje at helsepersonell har ei opplysningsplikt overfor media. Dei skal gjere ei sjølvstendig vurdering av i kva grad opplysningane skal gjevast, og kan avslå å gje opplysningar til pressa utan nærare grunngjeving. Omsynet til pasienten sitt beste skal vektast tyngst.
Austevoll kommune har eit eige skjema for fritak frå teieplikt i mediesaker.
Dersom du vil løyse helsepersonell frå teieplikta, må du fylle ut alle felta i skjemaet.
Skjemaet skal signerast av pasienten sjølv, av foresett dersom vedkommande er under 16 år, eller pasienten sine registrerte pårørande/verje dersom det er relevant. Skjemaet er signert når du loggar inn ved hjelp av ID porten.
Fyll ut skjema Fritak frå teieplikt - mediesaker ved å gå inn her.