Helsesjukepleiar i barnehagen - informasjon til føresetteLytt til tekstenStopp avspillingHelsestasjonsprogrammet er lagt opp til tett oppfølging av barnet frå det er født til 2 års alder. Neste faste kontroll er når barnet fyller 4 år. Etter 2 års alder er det dei tilsette i barnehagen som har tettast kontakt med barn og familie. Helsestasjonen ønsker å styrke samarbeidet med barnehagane i kommunen. Ved å vere tilstades i barnehagane tilbyr helsesjukepleiar helsefagleg kompetanse og kan samarbeide med tilsette i barnehagane for å få eit best mogleg tilbod for barna.Ved å ha eit godt samarbeid med barnehagane, er kommunen betre rusta til å fange opp sårbare familiar og barn og sette inn tiltak tidleg.Dersom tilsette i barnehagane ønsker å drøfte barn med helsestasjonen skal det hentast inn skriftleg samtykke frå foreldra i forkant av drøfting.Astrid Marlen Sivertsen og Camilla Torsvik er helsestasjonen sine representantar i barnehagane.Ta gjerne kontakt om de har spørsmål eller synspunkt.