Helsestasjon for barn 0-5 årLytt til tekstenStopp avspillingHelsestasjonstenesta er eit lovpålagt lågterskeltilbod for alle barn frå 0-5 år, og er ein del av kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid. Publisert av Wenche Gloppen Publisert 12.04.2023 11.53 Familien sine ressursar og eige ansvar er i sentrum. Helsesjukepleiar si rolle er å støtte opp under dette i samarbeid med den enkelte og familien. Konsultasjonen med helsesjukepleiar vil ofte bestå av kontroll av vekt og lengde, vaksinasjon, foreldrerettleiing, samtale om søvn og mat, samt rettleiing og samtale rundt utviklinga til barnet. I tillegg er det rom for foreldra å ta opp ting som dei lurer på eller er opptekne av i forhold til barnet og familiesituasjonen. Etter samtykke frå familien kan helsesjukepleiar samarbeide med: jordmor fastlege PPT psykisk helse psykolog fysioterapeut barnevern Tilbodet på helsestasjonen Heimebesøk av jordmor 1-2 dagar etter familien kjem heim frå sjukehuset med den nyfødte. Heimebesøk helsesjukepleiar 7-10 dagar etter fødsel. Barseltreff 3-6 veker. Gruppekonsultasjon. 6 veker helsesjukepleiar, med legeundersøking. Vektkontroll mellom 6-10 veker ved behov. 3 mnd. helsesjukepleiar. Tilbod om 1. vaksine (Difteri, stivkrampe, kikhoste, polio, influensa type B, hepatitt B og pneumokokksykdom). 4 mnd. Gruppekonsultasjon med fysioterapeut. 5 mnd. helsesjukepleiar. Tilbod om 2. vaksine (same som 1. dose). 6 mnd. helsesjukepleiar, med legeundersøking. 7-8 mnd. helsesjukepleiar. Gruppekonsultasjon. 10 mnd. helsesjukepleiar. Gruppekonsultasjon. 12 mnd. helsesjukepleiar. Tilbod om 3. vaksine (same som 1. dose), med legeundersøking. 15 mnd. helsesjukepleiar. Tilbod om MMR vaksine (meslinger, kusma og røde hunder). 17-18 mnd. helsesjukepleiar ved behov. 2 år helsesjukepleiar, med legeundersøking. 4 år helsesjukepleiar. Informasjon om barnevaksinasjonsprogrammet og nyttige råd ved vaksinasjon Nyttige telefonnumre Austevoll legesenter : 55 08 10 50 Medisinsk nødtelefon: 113 Legevakt i Austevoll: 116 117 Lovgrunnlag og klageadgang Helse- og omsorgstenesteloven Folkehelseloven Pasient- og brukerrettighetsloven Helsepersonellova Smittevernlova Dersom du meiner vi ikkje oppfyller våre lovpålagte plikter, har du klagerett. Ta kontakt med leiar for helsestasjon- og skulehelsetenesta Hege Austevoll. Som mottakar av tenesta kan du etter pasientrettighetsloven også klage til helsetilsynet i Hordaland. Nyttige nettadresser Folkehelseinstituttet Ammehjelpen Informasjon om sunn og trygg mat frå offentlege myndigheiter Informasjon på helsenorge.no Råd til medisinbruk til gravide og ammande