Austevoll kommune

Rutinar for journalføring og deling av helseopplysningar

Rutinar for journalføring og deling av helseopplysningar

Her får du informasjon om helsestasjon- og skulehelsetenesta i Austevoll kommune sine rutinar for journalføring og eventuell deling av helseopplysningane til deg eller barnet ditt.

Tilgang til dine eller barnet sine helseopplysningar blir berre gitt til personar som har teieplikt og som treng opplysningane for å kunne gjere jobben sin.

Kapittel 8 i helsepersonelloven regulerer helsestasjon- og skulehelsetenesta si dokumentasjonsplikt.

I det elektroniske journalsystemet Hs-pro registrerer og systematiserer helsestasjon- og skulehelsetenesta helseopplysningar.