Austevoll kommune

Hei! Mitt namn er Kari.
Kva kan eg hjelpe deg med?

Koordinator for barn som er pårørande

Koordinator for barn som er pårørande

Nokre barn i alderen 0-18 år opplever i løpet av oppveksten sin å vere pårørande.

Når foreldre, søsken eller andre nære vert ramma av dødsfall, somatisk eller psykisk sjukdom, alvorleg skade eller er rusmiddelavhengig, så verkar dette inn på heile familien. I slike situasjonar kan barn oppleve at livet vert endra og vanskeleg.

Koordinator for barn som pårørande skal sikre at barnet og familien får tilbod om heilheitlege og koordinerte tenester ut fra sine ønske og behov.

Koordinator for barn som pårørande har oversikt over aktuelle tiltak og hjelpeinstansar internt og eksternt, samt gode kunnskaper og ferdigheitar i barn som pårørende-arbeid.

I Austevoll kommune er det helsesjukepleiar Sissel T. Haugland som er koordinator for barn som pårørande.

Koordinator for barn som er pårørande kan tilby eller tilvise til andre fagpersonar for: 

  • Støtte- og rettleiingssamtalar til barnet, foreldra og familie
  • Informasjon og kunnskap om det å vere barn som pårørande
  • Råd og rettleiing til barnehage og skule
  • Hjelp til å kome i kontakt med andre instansar

Slik tek du kontakt:

  • Ein  kan ta direkte kontakt med koordinator for barn som pårørande på telefon 90 62 41 94, eller med helsestasjonen på telefon nummer 55 08 10 70
  • Føresette og ungdom over 16 år kan kontakte oss sjølve. Du treng ikkje tilvising. All hjelp er gratis.

Lovheimlar

Helsepersonelloven § 10a, § 25 tredje ledd (1), Rundskriv IS-8/2012 (2), Spesialisthelsetjenesteloven § 3-7a (3), Barnekonvensjonen artikkel 3 og 12 (4), Menneskerettsloven §§ 2 og 3 (5), Barneloven § 30 (6) og Pårørendeveilederen (7)