Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utarbeida ein IP dersom dei ønsker det.
Planen skal vera eit verktøy for samarbeid mellom tenestemottakar og hjelpeapparat og mellom dei ulike tenesteytarane.
Dette kan vera aktuelt for personar:
- Som på grunn av skade eller sjukdom har eit brått fall i evna til å fungera i dagleglivet.
- Som har gradvis fall i funksjonsevna over lengre tid.
- Med kroniske lidingar.
- Med fysiske, psykiske eller sosiale vanskar.
- Med medfødd funksjonssvikt.
Retten til Individuell plan er uavhengig av alder, diagnose og funksjon. Langvarig betyr at ein går ut frå at behovet strekkjer seg over ei viss tid, men utan at det treng vere varig. «Koordinerte» tenester betyr at behovet gjeld to eller fleire helse- og omsorgstenester. Individuell plan er eit verktøy for heilskaplege og gode tenester. Individuell plan sikrar planlegging på kort og lang sikt samt systematisk dokumentasjon
Publisert 31.10.2018 14.54
Sist endra 31.01.2023 14.06
Individuell plan
Den som har behov for individuell plan, eller pårørande, kan søke om individuell plan. Også helsepersonell kan varsle om behovet for individuell plan, men planen blir berre oppretta om brukar/foreldre/verje ønsker dette.
Ein kan få tildelt koordinator sjølv om ein ikkje ønsker individuell plan.
Det er tildelingskontoret som har det overordna ansvaret for individuell plan i Austevoll kommune. Ved spørsmål om individuell plan og koordinator, kontakt tildelingskontoret.
Les meir om individuell plan på helsenorge.no
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søke om individuell plan, eller du kan be andre hjelpa deg dersom du har behov for det. Viss ein annan søker på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt til dette.
Send søknadsskjema per post til:
Austevoll kommune
Tildelingskontor
Birkelandsvegen 2
5392 Storebø
Individuell plan (IP) er eit tilbod til deg som mottek hjelp frå to eller fleire instansar, og som har behov for langvarige koordinerte tenester. Ordninga med IP er frivillig.
Sjølv om du ikkje ønsker å få utarbeida ein individuell plan kan du likevel be om å få ein koordinator. Koordinator skal sikra naudsynt oppfølging, samordning av tenestetilbod og framdrift i arbeidet med ein eventuell plan.
Austevoll kommune har valt å ta i bruk Flyt Samspill som verktøy for individuell plan. Deltakarane i ei ansvarsgruppe kan logga seg inn i verktøyet på internett, lesa planen og bidra til planarbeidet same kor ein oppheld seg uavhengig kor dei befinn seg. Planeigar skal saman med koordinator avklara kven andre som skal ha tilgang til planen. For barn og unge er det føresette som er med å bestemma innhaldet i planen.
Når planen er sett i verk, vil ein få tildelt brukarnamn og passord.
Kommunen skal innhente naudsynte opplysningar for å behandle søknaden. Naudsynte opplysningar kan vere uttale frå lege eller andre og heimebesøk med IPLOS registrering. Ut frå innhenta informasjon blir det fatta vedtak. I vedtaket finn du grunngjevinga for avgjersla.
Kommunen skal behandle søknaden så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan behandlast innan ein månad, skal du ha skriftlig varsel om dette. Du skal også få informasjon om kva tid det kan forventast at saka er ferdig behandla.
Du kan klage på vedtaket. Det må klagast innan ein frist på fire veker frå du mottok vedtaket. I klaga må du grunngje kvifor du ikkje er nøgd med vedtaket og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing til å klage, kan kommunen hjelpe deg med dette. Ved ei klage, behandlar kommunen saka på nytt. Om vedtaket vert oppretthalde, blir saka sendt til Statsforvaltaren som tek endeleg avgjersle i saka.