Kreftomsorg og pakkeforløp for kreftLytt til tekstenStopp avspillingAustevoll kommune har kreftkoordinator.Kreft treff oss ulikt, med ulikt alvor og ulik kraft. Sjukdomen rammar familiar og einsamme, unge og gamle. Vi reagerer ulikt, både fysisk og psykisk.Når sjukdomen rammar blir mange problemstillingar aktuelle – utfordringar som endrar seg gjennom sjukdomsforløpet og som dei færraste av oss reflekterer over i ein vanleg, frisk kvardag. Å vita at nokon på heimstaden din kan gje råd og støtte i ein vanskeleg periode i livet, skapar tryggleik. Kva er pakkeforløp for kreft? Føremålet med pakkeforløp for kreft er å sikra tryggleik og føreseielegheit for deg som har fått kreftdiagnose. Det skal sikra at behova du har for oppfølging ut over sjølve kreftbehandlinga blir avdekka og fulgt opp.Pakkeforløpet skal også bidra til økt fokus på livskvalitet, god helse og meisting for pasientane. Informasjon om samtalane i Pakkeforløp for kreft Pakkeforløpet inneber tre behovskartleggingssamtalar. Den første samtala blir gjennomført i spesialisthelsetenesta. Dei to siste samtalane blir utført i kommunen. I Austevoll kommune er det kreftkoordinator eller ein sjukepleiar frå primærhelsetenesta som gjennomfører behovskartleggingssamtalane.Kreftpasientar blir innkalt til to samtalar, den første 3-4 månader etter tilvising til kommunen, den andre etter 12-18 månader. Viss du ønsker det kan pårørande delta på desse samtalane.Samtalane varer i 45-60 minutt.Du kan finne meir informasjon på følgjande nettsider:Pakkeforløp for kreft - HelsenorgePakkeforløp på kreftområdet - HelsedirektoratetPakkeforløp - Kreftforeningen Kva meir hjelper vi med? Koordinera og tilretteleggja kvardagen for kreftsjuke og pårørande Er ressursperson for kreftramma og pårørande Gje råd, rettleiing og informasjon Har oversikt over relevante tilbod og tenester Formidlar kontakt med tenester og samarbeidspartnarar Sikrar oppfølging av barn og unge som pårørande Støttesamtalar Bidrar til gode rutinar og system for kreftomsorg i kommunane Vera eit bindeledd mellom deg, fastlege, spesialisthelseteneste og tenestene til kommunen Kven er tilbodet om kreftomsorg til? Personar somer kreftramma og deira pårørande i alle fasar av sjukdomsforløpettreng nokon å snakka med og få råd og rettleiinghar mykje å ta omsyn til og slit med oversikthar plagsame seineffektar etter avslutta behandlinghar barn og/eller unge som pårørande Det er ikkje krav om tilvising frå lege. Kreftramma, pårørande eller helsepersonell kan ta direkte kontakt med kreftkoordinator.Ikkje nøl med å ta kontakt med kreftkoordinator i kommunen. Kreftkoordinatoren kan ikkje alt, men veit kven som kan hjelpa.Tilbodet er gratis.Les meir hos Kreftforeningen og last ned brosjyren om kreftkoordinatoren i kommunen. Publisert 13.06.2018 10.43 Sist endra 08.04.2024 10.29