KreftomsorgLytt til tekstenStopp avspillingAustevoll kommune har kreftkoordinator. Kreft treff oss ulikt, med ulikt alvor og ulik kraft. Sjukdomen rammar familiar og einsamme, unge og gamle. Vi reagerer ulikt, både fysisk og psykisk. Når sjukdomen rammar blir mange problemstillingar aktuelle – utfordringar som endrar seg gjennom sjukdomsforløpet og som dei færraste av oss reflekterer over i ein vanleg, frisk kvardag. Å vita at nokon på heimstaden din kan gje råd og støtte i ein vanskeleg periode i livet, skapar tryggleik. Kreftomsorg Kven er tilbodet til? Personar som er kreftramma og deira pårørande i alle fasar av sjukdomsforløpet treng nokon å snakka med og få råd og rettleiing har mykje å ta omsyn til og slit med oversikt har plagsame seineffektar etter avslutta behandling har barn og/eller unge som pårørande Kva hjelper vi med? Koordinera og tilretteleggja kvardagen for kreftsjuke og pårørande Er ressursperson for kreftramma og pårørande Gje råd, rettleiing og informasjon Har oversikt over relevante tilbod og tenester Formidlar kontakt med tenester og samarbeidspartnarar Sikrar oppfølging av barn og unge som pårørande Støttesamtalar Bidrar til gode rutinar og system for kreftomsorg i kommunane Vera eit bindeledd mellom deg, fastlege, spesialisthelseteneste og tenestene til kommunen Korleis søka? Det er ikkje krav om tilvising frå lege. Kreftramma, pårørande eller helsepersonell kan ta direkte kontakt med kreftkoordinator. Ikkje nøl med å ta kontakt med kreftkoordinator i kommunen. Kreftkoordinatoren kan ikkje alt, men veit kven som kan hjelpa. Les meir hos Kreftforeningen og last ned brosjyren om kreftkoordinatoren i kommunen. Kva kostar det? Tenesta er gratis. Publisert 13.06.2018 10.43 Sist endra 13.06.2018 10.55