Du kan ringe 55081050 for å bestille time eller logge inn på helsenorge og bestille elektronisk. Dersom det hastar og du treng time raskt, kan du få time på daglegevakta. Då må du ringe for å få time.
Publisert 07.02.2023 14.53
Sist endra 07.02.2023 14.55
- Hugs å bestille time i god tid før sjukemelding går ut. Det kan vere noko ventetid.
- Du kan sjå ledige timer og bestille time hos fastlegen din når du er logga inn på helsenorge. Der kan du óg sende "timeønske".
- Du får melding frå helsenorge om timeavtala dersom du har opna for dette. Elles må du sjølv ta ansvar for å notere ned timen.
- Merk at dersom du er på ei liste utan fastlege kan du dessverre ikkje bestille time på nett, og du kan ikkje bestille time på nett til LIS-1 lege.
- Det vert sendt ut gebyr dersom du ikkje møter til avtalt time eller om du avbestiller seinare enn 24 timar før timen.
- Hugs å opplyse dersom du har behov for tolk.
- Hugs å bestille pasientreise dersom du har krav på dette.
Forbered deg til timen hos fastlegen - Helsenorge