Oversikt over dine gyldige reseptar finn du på helsenorge. Sjekk alltid her om du treng ny resept før du tar kontakt med oss.
Publisert 09.02.2023 09.45
Sist endra 02.11.2023 09.41
Faste medisinar blir som regel skriven ut for eitt års forbruk. Det er lurt å kome til kontroll hos legen årleg om du nyttar fast medisin. Viss du ikkje skal til legen akkurat når du treng ny resept, kan du be om fornying av resept utan time.
Medisinar som ikkje er faste, som til dømes antibiotika og vanedannande medisinar, må du som regel ha time hos fastlegen for å få ny resept på. Hugs å bestille timen i god tid før du er tom.
For enkelte medisinar er det naudsynt med jamlege blodprøvar. Spør din fastlege.
Korleis fornya resept?
Du kan be om reseptfornying ved å logge inn på helsenorge. Du kan óg ringe legesenteret.
Det kan ta inntil ei veke før resepten er klar, bestill i god tid.
Legevakta fornyar ikkje faste medisinar eller vanedannande medisinar. Då må du kontakte fastlegen din.