Sjukemeldingar

Treng du sjukemelding frå lege, eller kan du ordne med arbeidsgjevar?

Før du kontaktar lege om sjukemelding må du snakke med din arbeidsgjevar. Arbeidsgjevar kan legge til rette arbeidet slik at du ikkje treng sjukemelding. Ved dødsfall i familien med meir skal du spørje arbeidsgjevar om permisjon, då det ikkje gjer rett til sjukmelding. Viss barnet ditt er sjuk skal du ikkje ha sjukemelding, men melde til arbeidsgjevar at du har sjukt barn.

Du må nytte eigenmelding først!

Du har eigenmeldingsdagar som skal nyttast før du kontaktar lege om sjukemelding. Sjekk med din arbeidsgjevar kor mange dagar du har eigenmelding. Det kan vere inntil 24 dagar per år avhengig av kva for bedrift du er i.

Legen kan ikkje tilbakedatere sjukemelding

Du må ta kontakt med oss frå første dag du treng sjukemelding. Legen kan som hovudregel ikkje tilbakedatere.

Du må bestille time hos fastlegen for å få sjukmelding og for å forlenge sjukemelding

Du må møte opp til time fysisk hos fastlegen for sjukemelding og forlenging av sjukemelding. Det er ditt ansvar å bestille time i god tid før sjukemeldinga går ut. Hugs at det kan vere ventetid. Snakk også med arbeidsgjevar før du forlenger sjukemeldinga om kva arbeid du kan gjere på arbeidsplassen no.

Legevakta skriv ikkje sjukemelding

Du må kontakte fastlegen for sjukemelding, og nytte eigenmelding til du får time hos fastlegen.

Du har plikt til å vere i arbeidsrelatert aktivitet sjølv om du er sjukmeldt.

Ha god dialog med din arbeidsplass gjennom heile sjukemeldingsløpet. Dersom det er mogleg for deg å gjere noko arbeid har du plikt til dette.

Les meir om dette på NAV sine nettsider.