Utanom kontortidLytt til tekstenStopp avspilling Publisert av Wenche Gloppen Publisert 06.06.2018 00.02 Har du skade eller akutt sjukdom som treng lege? I kontortid kontaktar du Austevoll Legesenter på telefon 55081050, tast 1. Dette gjeld for alle som er i Austevoll, same kvar dei har fastlege. Vi ser helst at du ringer oss på førehand slik at vi er klar til å ta i mot deg og du slepp å venta så lenge. Etter kontortid kan du ta kontakt på nasjonalt legevaktnummer 116 117. Tast gjerne 0 og så 0 ein gong til og så postnummeret ditt for å vera sikker på at du kjem til rett legevakt. Dette for å unngå at telefonane blir satt over til feil legevakt. Legane har heimevakt. Difor kan du ikkje berre møte opp på døra på kveldar og i helger. Du må ringa på førehand. Er liv og helse i fare, ring 113. Så nettstaden vår: http://www.storebolegekontor.no/legevakt/ English: emergency medical help: phone 55 08 10 50 in office hours Phone 116 117 out of office hours