Brukarstyrt personleg assistanseLytt til tekstenStopp avspillingBrukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ei alternativ måte å organisere tenesta praktisk bistand og opplæring samt støttekontakt. Tenesta er tiltenkt personar med nedsett funksjonsevne og omfattande behov for bistand i dagleglivet, både i og utanfor heimen. Målet er eit mest mogleg aktivt og sjølvstendig liv trass i funksjonshemminga. Publisert 31.10.2018 13.16 Sist endra 27.09.2022 09.19 Brukaren er arbeidsleiar Brukarstyrt personleg assistanse vil seie at brukaren eller pårørande/verje vert arbeidsleiar og tek på seg ansvaret for den daglege organiseringa av tenesta. Innanfor det timetalet som kommunen gjev, kan brukaren i prinsippet styre kven han eller ho vil ha som hjelpar og korleis assistentar skal utføre hjelpa som er innvilga. Brukaren vel sjølv kva privat leverandør ein ynskjer, kommunen vil gje informasjon om kva leverandørar som er godkjend av kommunen. Privat leverandør har det formelle arbeidsgjevaransvaret for assistentane. Sjølv om brukaren ikkje har det formelle arbeidsgjevaransvaret som BPA-arbeidsleiar, er det likevel eit omfattande ansvar. Han eller ho har mellom anna hovudansvaret i rekrutterings- og tilsettingsprosessane gjennom annonsering, intervju og utvelging av assistentane. BPA-arbeidsleiaren skal setja opp arbeidsrutiner og utarbeida arbeidsplanar, gjennomføra personalsamtalar, følgja opp timeregistrering og elles følgja opp reglane i arbeidslivet. Kommunen har eit overordna ansvar for at alle som leverer kommunale helse- og omsorgstenester følgjer regelverket. Kommunen må difor følgje opp BPA ordningar og sjå at tenesta er forsvarleg og at regelverket vert holdt. Dersom det oppstår problem, vil kommunen søkje å løyse dette saman med brukar. Vurderer kommunen det slik at det ikkje er mogeleg å sikre forsvarlegheit, vil brukar få tilbod om andre helse- og omsorgstenester. Kven kan søka om tenesta? Personer som vert tildelt tenesta må kunne ta arbeidsleiarrolla, eller ha ein nærstående person som kan vere arbeidsleiar. Personer under 67 år som er tildelt meir enn 25 timer praktisk bistand per veke, kan kreve å få tenesta organisert som brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Personen må ha eit langvarig tenestebehov utover 2 år. Foreldre som har barn med store funksjonsnedsettingar, tenestebehov utover 2 år og som er tildelt meir enn 25 timar bistand per veke kan også ha rett til å få organisert tenesta som brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Retten til å få organisert tenester som BPA omfatter ikkje: Tenester som krev at det er fleire enn ein tenesteytar til stade eller nattenester, med mindre brukaren kontinuerleg har behov for slike tenester. Hjelp og bistand i skule og arbeid. NAV har ansvar for å tilby støtteordningar i forbindelse med arbeid og utdanning. I mange tilfeller kan det vere hensiktsmessig å samordne ulike tenester. Kommunen vil arbeide for å finne løysingar som kan ivareta fleksibiliteten og heilskapen i det offentlige tenestetilbodet. Søk om brukarstyrt personleg assistent Trykk her for å skrive ut og fylle ut skjema (PDF, 167 kB) Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om brukarstyrt personleg assistent, eller du kan be andre hjelpa deg dersom du har behov for det. Hvis ein annan søker på vegner av deg, må vedkomande ha fullmakt til dette. Søknadsskjema kan ikkje sendast inn elektronisk, men skal sendast per post til: Austevoll kommune Tildelingskontor Birkelandsvegen 2 5392 Storebø