HeimehjelpLytt til tekstenStopp avspillingHeimehjelp er eit tilbod til deg som grunna sjukdom og nedsett helse treng praktisk hjelp for å greie daglege gjeremål. Målet er at du skal vere i stand til å bu heime. Praktisk bistand (heimehjelp) Søk om praktisk bistand (heimehjelp) Trykk her for å skrive ut og fylle ut skjema (PDF, 341 kB) Send søknad til: Austevoll Kommune Tildelingskontor Birkelandsvegen 2 5392 Storebø Du må ha fast bustad i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad. Kva kan du få hjelp til? Alminneleg reingjering av rom som er i dagleg bruk, golvvask, støvsuging og vask av bad/WC. Hjelp til vask av klede i vaskemaskin. Skifte av sengeklede. Hjelp til å handle inn nødvendige hushaldsvarer ved bruk av konto på butikk. Handling blir utført etter liste frå deg. Handling blir som hovudregel utført ein gong per veke. Kva kostar det? Det er eigenandel på heimehjelp. Dette er regulert etter inntekt i husstanden. Eigenandelen blir fastsett av kommunestyret kvart år. Satsar for helse- og omsorgstenester * Abonnement for gruppa inntil 2 G blir fastsett av staten årleg ** Eigenbetaling for korttidsopphald/rehabilitering og for dagavdeling blir fastsett av staten årleg Satsar for helse- og omsorgstenester Teneste / tilbod Omfang 2021 2022 Abonnement Inntil 2 G per månad 210 215 2 G - 3 G per månad 717 736 3 G - 4 G per månad 1 146 1 177 4 G - 5 G per månad 1 720 1 767 5 G og oppover per månad 2 150 2 208 Timepris Inntil 2 G per time * 2 G - 3 G per time 357 367 3 G - 4 G per time 357 367 4 G - 5 G per time 357 367 5 G og oppover per time 357 367 Einskildoppdrag per oppdrag 357 367 Eigenbetaling dagavdeling per døgn 95 100 Eigenbetaling butrening per døgn 191 ** Eigenbetaling kortidsopphald og rehabilitering per døgn 175 180 Grunnbeløp i folketrygda (G) Kva skjer vidare? Når du søker om helse- og omsorgstenester er det tildelingskontoret som behandlar søknaden. Vi vil ta kontakt med deg slik at det kan bli gjort ei kartlegging av kva du treng hjelp til. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Vi behandlar saka så raskt som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, får du skriftleg melding. Oppgåver som ikkje er inkludert i praktisk bistand stryke klede reinhald av område over "skulderhøgd" eller av rom som ikkje er i bruk opplæring til hushald hagearbeid nedvask baking rydde og vaske etter friske pårørande eller besøkande hjelp til kjæledyrhald flytte bossdunkar i fellesareal frakte boss til bossfylling gjere i stand til høgtider flytte møblar Praktisk informasjon om heimehjelp Heimehjelp er eit månadsabonnement regulert i Forskrift om eigenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester. Satsar for eigenbetaling vert vedtekne av kommunestyret kvart år. I vedtaket vert det skildra innhald og tidsbruk for tildelt heimehjelp. Naudsynt utstyr til vask og reingjering må vere tilgjengeleg. Klage på vedtaket Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan fire veker frå du mottek brevet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje. Send klaga til: Austevoll kommune Tildelingskontor Birkelandsvegen 2 5392 Storebø Publisert 13.06.2018 10.49 Sist endra 15.06.2018 14.28