Middagslevering er tilbod om middag levert heim. Tilbodet er til deg som ikkje kan lage eller varme deg ferdiglaga middag.
Publisert av Liv Janne Klepsvik
Publisert 13.06.2018 15.58
Middagslevering
Send skjema til:
Austevoll kommune
Tildelingskontor
Birkelandsvegen 2
5392 Storebø
- Du må ha fast bustad/ opphalde deg i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad.
Middagen vert laga av kjøkkenet på Austevoll pleie- og omsorgssenter og levert ut kald av heimetenesta antan dagleg eller eit par gongar i veka. Måltidet inneheld god og næringsrik kost.
Det er utkøyring dagleg om ikkje anna er avtalt.
Faktura vert sendt ut kvar månad.
For spørsmål knytt til faktura må du kontakte økonomikontoret ved Austevoll kommune på telefon 55 08 10 00.
Oppgje i sentralbord at saka gjeld fakturaspørsmål.
- Når du søkjer om helse- og omsorgstenester er det tildelingskontoret som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg, og deretter skriv vi eit vedtak.
- Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg.
Tildelingskontoret 55 08 10 00, kvardagar kl. 09:00–15:00