AvlastningstiltakLytt til tekstenStopp avspillingAvlastingstiltak er eit tilbod til personar og familar med særleg tyngande omsorgsarbeid. Avlasting vert gjeve ut fra ulike behov og kan organiserast på ulike måtar. Kommunen vurderer behovet for bistand, og skal i samarbeid med den einskilde omsorgsytar avgjere om det skal tilbys tenester i form av avlastningstiltak. Avlastinga skal hindre overbelasting hjå omsorgsytar, gjere det mogleg å oppretthalde gode familerelasjonar, ivareta sosiale nettverk og gje høve til regelmessig fritid og ferie Målsetting Målsettinga er å virke førebyggande slik at du skal kunne gje tilfredsstillande hjelp til den omsorgstrengande over tid. Publisert av Liv Janne Klepsvik Publisert 13.06.2018 15.42 Søk om avlasting Trykk her for å skrive ut og fylle ut søknadsskjema (PDF, 167 kB) Søknaden vert vurdert etter kartlegging av omsorgsoppgåvene. Dersom du treng ekstra avlasting på dagar skule og barnehage er stengt, må du søke minst 3 månader på førehand. Søknadsfrist for ferieavlastning for sommar er sett til 1. mars kvart år. Søkar av tenesta må bu i kommunen. Du må sende skriftleg søknad. Send søknad til: Austevoll kommune Tildelingskontor Birkelandsvegen 2 5392 Storebø Kva kostar det? Tenesta er gratis. Kva skjer vidare? Når du søker om helse- og omsorgstenester er det tildelingskontoret som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg for å avtale eit heimebesøk. På heimebesøket kartlegg vi ditt hjelpebehov, deretter skriv vi eit vedtak. Vi behandlar saka så raskt som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Klage på vedtak Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan fire veker frå du mottek brevet. Forklar kva du ikkje er nøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Les meir om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester her. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klaga skal takast til følge.