SjukeheimsplassLytt til tekstenStopp avspilling Søk sjukeheimplass Trykk her for å skrive ut og fylle ut skjema (PDF, 341 kB) Send søknad til: Austevoll kommune Helseservicekontoret Birkelandsvegen 2 5392 Storebø Du må sende ein skriftleg signert søknad. Kva skjer vidare? Når du søkjer om helse- og omsorgstenester er det tildelingskontoret som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg slik at det saman med deg kan bli gjort ei kartlegging av hjelpebehova dine. I kartlegginga hentar vi inn opplysningar frå fastlege, heimetenesta, spesialisthelsetenesta, og eventuelle andre samhandlingspartar som har gitt teneste til deg. Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, får du ei skriftleg melding om årsaka til det. Om du får tilbod om sjukeheimsplass, blir du tildelt ein korttidsplass eller ein langtidsplass. Kven kan få sjukeheimsplass? Langtidsplass er for eldre som har eit stort behov for omsorg og pleie heile døgnet, men som ikkje treng behandling på sjukehus. Korttidsopphald på sjukeheimen er for deg som har behov for rehabilitering, habilitering eller utgreiing. Avlasting er for pårørande som har særs tyngande omsorgsoppgåver. Før sjukeheimsplass vert innvilga skal det vere prøvd ut med tenester i heimen. Kva kostar det? Kor mykje du skal betale for langtidsplass, avhenger av din økonomi og kva slags plass du får. Etter 60 dagar kortidsopphald i året betaler du som om det skulle vert langtidsplass. Satsar for helse- og omsorgstenester * Abonnement for gruppa inntil 2 G blir fastsett av staten årleg ** Eigenbetaling for korttidsopphald/rehabilitering og for dagavdeling blir fastsett av staten årleg Satsar for helse- og omsorgstenester Teneste / tilbod Omfang 2021 2022 Abonnement Inntil 2 G per månad 210 215 2 G - 3 G per månad 717 736 3 G - 4 G per månad 1 146 1 177 4 G - 5 G per månad 1 720 1 767 5 G og oppover per månad 2 150 2 208 Timepris Inntil 2 G per time * 2 G - 3 G per time 357 367 3 G - 4 G per time 357 367 4 G - 5 G per time 357 367 5 G og oppover per time 357 367 Einskildoppdrag per oppdrag 357 367 Eigenbetaling dagavdeling per døgn 95 100 Eigenbetaling butrening per døgn 191 ** Eigenbetaling kortidsopphald og rehabilitering per døgn 175 180 Besøk på pleie- og omsorgssenteret? Det er ikkje avgrensingar på besøk. Hovuddøra er stengt kl. 22.00-07.00.