Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Velferdsteknologi

Kva er velferdsteknologi?

  • velferdsteknologi er eit felles omgrep på tekniske installasjonar og løysingar som kan bidra til auka sjølvstende, tryggleik og meistring av eigen livssituasjon
  • velferdsteknologi er ein del av tenestetilbodet til innbyggjarane i Austevoll kommune. I dag tilbyr vi tryggleiksalarm, og jobbar med å utvide tenestetilbodet med velferdsteknologi
  • velferdsteknologi kan óg tildelast som eit lågterskel tilbod

Søk om velferdsteknologi

Trykk her for å skrive ut og fylle ut skjema (PDF, 341 kB) (PDF, 167 kB)

Send søknad til:
Austevoll kommune
Tildelingskontor
Birkelandsvegen 2
5392 Storebø

  • du må ha fast bustad i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad
  • det må vere mobildekning der du bur for at teknologien skal fungere
  • du må ha eit behov for tenesta og oppfylle tildelingskriteria for tildeling av tiltaket

Kva skjer vidare?

  • Når du søker om helse- og omsorgstenester er det tildelingskontoret som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg for å avtale eit heimebesøk. På heimebesøket kartlegg vi hjelpebehov ditt, deretter skriv vi eit vedtak.
  • Vi behandlar saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding. 

Kva kostar det?

Pris for velferdsteknologi blir regulert årleg. Tilbodet er gratis om du mottar velferdsteknologi som helse- og omsorgsteneste.

Klage på vedtaket

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan fire veker frå du mottek brevet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast.

Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følge. 

Velferdsteknologi kan og tilbydast som eit lågterskel tilbod. Då betalar du eigenandel som blir regulert årleg.

Kontaktinformasjon

  • tildelingskontoret på telefon 55 08 14 07, kvardagar kl. 09:00–15:00
  • heimetenesta på telefon 55 08 15 47, kvardagar kl. 08.00-15,00 og mobil 97 65 21 32 kveld og helg.