Me oppfordrar særleg menn til å søkje, men det er også behov for kvinnelege støttekontaktar. Me treng støttekontaktar i alle aldrar.
Du må ha fylt 18 år og snakke godt norsk.
Det er ikkje krav om formell utdanning for å bli støttekontakt, men det er ein føresetnad at du er personleg eigna, du må vere ansvarsbevisst og ha gode samarbeidsevner.
Andre eigenskapar som er viktig er blant anna å vere engasjert, flink til å lytte, tolmodig, ha forståing for andre sine behov og reaksjonar, kunne sette grenser og ha eit ope sinn.
Det er behov for støttekontakt til ulike personar med ulike behov, og for tida det er mellom anna behov for støttekontaktar med kunnskapar om teiknspråk/alternativ supplerande kommunikasjon (ASK).
Det er ønskeleg at du har sertifikat og disponerer bil.