Austevoll kommune

Lockout er avblåst ved tvungen lønsnemnd.

Lockout er avblåst ved tvungen lønsnemnd og det blir drift som normalt på PO senteret og i heimetenestene i mogon.

Det vil likevel bli halde informasjonsmøte i dag, tysdag 20. november kl 17.00, for pårørande i lokala til Austevoll PO-senter.

Folkehelse

Folkehelse og MOT

Folkehelse er eit sentralt satsningsområde i Austevoll. Folkehelseperspektivet gjer seg gjeldande innafor alle tenesteområda, og det vert arbeidd tverrfagleg for å fremje god helse blant innbyggarane.

Overordna vert folkehelseperspektivet teke omsyn til- og integrert i alle planar i kommunen. I arbeidet ut mot innbyggarane strekk prosjekt seg frå fysisk og psykisk helse, arbeid med frivillige lag og organisasjonar om aktivitet og infrastruktur for aktivitet, arbeid med flyktningar og samarbeid med skule og oppvekst. Sistnemnde blant anna gjennom Austevoll kommune sitt MOT-engasjement. Folkehelsearbeidet blei ytterlegare forankra då kommunestyre i desember 2017 ga si tilslutning til målsettingar, prinsipp og strategiar i «Sunne kommunar», WHO sitt norske nettverk, og søkte om medlemskap i «Sunne kommunar» frå 2018.

Kontaktinfo

John Tveit
Kultur- og næringsjef
E-post
Mobil 980 28 771
Stine Emilie Konradsen
Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 55 08 11 16
Fant du det du leita etter?