Austevoll kommune

Lokalt smittenivå i Austevoll – nivå 1

Austevoll kommune gjer ei risikovurdering av smittesituasjonen i kommunen kvar veke. Risikonivå følgjer 5 ulike nivå. Nivå 1 er lågt smittenivå og nivå 5 indikerer høgt smittenivå. Les meir om dette på nettsida til Folkehelseinstituttet.

 

Turteljing

Teljing av turgåarar

Austevoll kommune er i gong med å dokumentere bruken av turløypene i Austevoll. 

Austevoll kommune har frå desember 2020 talt kor mange som har gått på tur til Loddo. No har vi plassert ut to turteljarar til, ein ved Vinnesvatnet og ein ved Kongskleiva. 

 Klikk for stort bileteStatistikk frå Loddo  

 

Kvifor gjer vi dette?

Hensikta med teljinga er å skaffe oss ein oversikt over kor mykje turnettverka i kommunen faktisk blir brukte, og om tilrettelegging av turløyper fører til auka bruk.

Dette er også ein måte å syna fram dei utallege dugnadstimane som alle lag og organisasjonar bidrar med for å skapa fine turområde i kommunen. 

Turteljarane skal stå på ved Kongskleiva, Loddo og Vinnesvatnet i om lag eitt år, før dei går vidare til andre turområde i kommunen. Dette gjer me for å sjå om aktiviteten varierer frå årstid til årstid. Vi vil også kunne sjå på forskjellar i bruk mellom dei ulike turnettverka.    

Alle tal som blir henta inn er heilt anonyme. Teljaren har ein sensor som registrerer deg når du går forbi. 

Etter kvart som kommunen har henta inn data på turgåarar, vil vi informere befolkninga om dette. 

Kontaktinfo

Ingrid Danielsen Henriques
Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 55 08 11 16