Austevoll kommune

Frivilligheit

Frivilligheit

Austevoll har mange frivillige lag og organisajonar som skapar gode tilbod til innbyggjarane som bur her i kommunen. Dei er iherdige, og jobbar godt på eiga hand og i lag med kommunen.

Frivilligkoordinator

Sidan 2016 har Austevoll kommune hatt eigen frivilligkoordinator. Frivilligkoordinatoren skal legge endå betre til rette for kontakt og samarbeid mellom kommune og frivilligheita.  

Frivilligsentral

Austevoll kommune jobbar for å få opp ein frivilligsentral i 2018. Me vil etablera oss i det nye Austevollbadet, og me ser fram til å ha eigne og flotte lokalar der frivillige kan stikka innom og treffast.

Europeisk voluntørteneste (EVS)

Austevoll kommune har inne søknad om å få prosjektmidlar til eit såkalla EVS-prosjekt i Austevoll. Her kan du lese meir om kva EVS er for noko. Svaret på søknaden kjem i slutten av juni, og vil vera avgjerande for om me kan ta inn frivillige frå andre land, og få midlar til dette av EU. Dersom svaret er positivt så vil me allereie frå hausten 2018 kunne ta imot unge menneske som skal hjelpa oss med å få opp aktivitetstilbod til eldre, ungdomar, menneske med nedsett funksjon, og barn. Dette er eit spennande prosjekt, som også kan gi ungdommane våre sjansen til å reisa utanlands for å jobba frivillig med ting som dei bryr seg om.

Tilskot lag og organisasjonar

Trykk her for å finne meir ut av kommunens mange tilskotsordningar for frivillig arbeid, og når og korleis du kan søke.

Kontaktinfo

Ann-May Storebø
Frivilligkoordinator
E-post
Telefon 55 08 11 15
Mobil 482 80 623
Fant du det du leita etter?