Austevoll kommune

Lokalt smittenivå i Austevoll – nivå 1

Austevoll kommune gjer ei risikovurdering av smittesituasjonen i kommunen kvar veke. Risikonivå følgjer 5 ulike nivå. Nivå 1 er lågt smittenivå og nivå 5 indikerer høgt smittenivå. Les meir om dette på nettsida til Folkehelseinstituttet.

 

Austevoll frivilligsentral

Årets TV-aksjon

Er du klar for å ta årets viktigaste søndagstur?

Då er det snart klart for årets TV-aksjon. I år er det Care som har fått innsamlinga frå NRK, og dei har som mål å samla inn nok midlar til å få 400 000 kvinner i åtte ulike land til å skapa seg eit liv for seg og sine.

Me gler oss over å få vera med å gjera ein felles innsats for det gode og viktige arbeidet dei gjer. Er du interessert i å vera bøssebærar, kan du gå inn på denne lenka og registrera deg der.