Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Folkehelse er eit sentralt satsningsområde i Austevoll. Folkehelseperspektivet gjer seg gjeldande innafor alle tenesteområda, og det vert arbeidd tverrfagleg for å fremje god helse blant innbyggarane.
Overordna vert folkehelseperspektivet teke omsyn til- og integrert i alle planar i kommunen. I arbeidet ut mot innbyggarane strekk prosjekt seg frå
- fysisk og psykisk helse,
- arbeid med frivillige lag og organisasjonar om aktivitet og infrastruktur for aktivitet
- arbeid med flyktningar
- samarbeid med skule og oppvekst.
Sistnemnde blant anna gjennom Austevoll kommune sitt MOT-engasjement. Folkehelsearbeidet blei ytterlegare forankra då kommunestyre i desember 2017 ga si tilslutning til målsettingar, prinsipp og strategiar i «Sunne kommunar», WHO sitt norske nettverk, og søkte om medlemskap i «Sunne kommunar» frå 2018.
Publisert 25.04.2018 11.19
Sist endra 07.11.2022 15.14