Adlesi - dagsturhytte

Dagsturhytta i Austevoll ligg like ved toppen på Loddo. Den har fått namnet Adlesi, eit namn som ifølgje kommunen fortel det aller viktigaste, nemleg at hytta er alle si.

Vestland fylkeskommune  

Tilkomst og parkering

Frå ferjekaien på Hufthamar fylgjer du fylkesveg 546 til rundkøyring og tar til høgre inn på fylkesveg 5144. Følg denne i om lag 6-7 min til du ser skilt mot høgre inn på parkeringsplassen i Åno. Åno er utgangspunktet for turnettverket på Loddo, der du fnn dagsturhytta. Dersom du ynskjer ein lengre tur kan du også starte ved turløypa frå Vinnesvatnet, opp til Veten og vidare via Vardfjellet før du kjem til Loddo.

Stien til hytta

Løypa startar ved parkeringsplassen i Åno, kor du fylgjer grusvegen 1 km til løypa delar seg i tre.

Raud løype: ta til venstre i krysset og følg den grusa vegen. Etter om lag 500 m held du fram på ein bratt skogsti. 200 m frå toppen på Loddo tar du til venstre og går 100 m inn til dagsturhytta.

Orange løype: ta til venstre i krysset og følg den grusa vegen om lag 200 m før du tar til venstre i bakken. Følg skogstien fram til tretrappene mot toppen. 150 m frå toppen tar du til høgre ned raud løype der du finn dagsturhytta på høgre side av stien.

Kvit løype: ta til høgre i krysset og følg kvit løype til Loddo. Frå toppen går du ned raud løype om lag 200 m og tar inn til høgre der hytta ligg.

Avstandar

Frå parkeringsplassen er det 2,3 km til hytta, og det tek ca. 30 min å gå. 

For informasjon om alle dei andre dagsturhyttene i Vestland kan du fylgje lenka her. 

Skikk og Bruk

Det er viktig at me alle tar ansvar for Adlesi. Då er det alltid triveleg å komma på besøk:

  • Før du går inn, tek du av deg skoa. Det er tøflar i hytta du kan låne. 
  • Ta med deg bosset ditt heim.
  • Ikkje sov i hytta. Under takoverbygga er det greitt. 
  • La hunden venta på deg ute. 
  • Ikkje tråkk på solcellepanela. 
  • All klatring skjer på eige ansvar.  

Stine Emilie Konradsen    

Stine Emilie Konradsen