Plan for friluftslivets ferdselsårer

I kommunestyremøte 27. april 2023 blei plan for friluftslivets ferdselsårer vedtatt.

I planen er det skildra gode og viktige mål for arbeidet med friluftsliv i kommunen. 

Mål skildra i plan for friluftslivets ferdselsårer

Det er også eit viktig datagrunnlag for framtidig oppgradering og nye prosjekt. Å ha eit variert og synleg friluftsliv bidrar til auka livskvalitet, bu-lyst, men også Austevoll sin attraktivitet for reiselivet. Fleire studiar viser at skilting og merking av turstiar førar til auka bruk, også av personar som tidlegare har tatt lite del i friluftsliv.  Austevoll kommune har difor kartlagt dei prioriterte turstiane i kommunen. Desse er delt inn i to gruppe.

 

 

Prioriterte ferdselsårer 

Fase 1 - Globen, Såto, Nordsjøløypa Stolmen, Nordsjøløypa Selbjørn, Kongskleiva, Rabbafjellet, Vinnesvatnet, Dyreløypa til Veten, Sherpatrapp til Veten, Skiparviksløypa, Loddo raudløype, Loddo blåløype, Loddo orangeløype, Loddo kvitløype, Leiv Magne løypa, Inger Anne løypa, Storevarden, Nordsjøløypa til Ronga, Rundtur Pollen, Skansen, Nordsjøløypa Storakalsøy, Mjuken og Skjeljaboskaget.

Fase 2 - Ystaneset, Kongsen frå tankane, Kongsen frå fagerbakke via inngjerdet, Midtfjellet, Veten-Uglenes, Kalsundholmen, Vinnesvatnet til Møllo, Hjorteskogen, Beinskrokjen til Hestavika, Skjenestølen, Loddo frå Otterå, Loddo frå Bratta, Trefjellsturen, Loddo Krigsminneturen, Bjelland til Loddo, Navågen og Jettegrytene.

På dei prioriterte ferdselsårer vil Austevoll kommune etablere ein standard på skilting og eit ansvarsforhold. På denne måten vil dei bli registrert i Turrute-basen. Denne prioriteringa fungerer også som kriterium ved vurdering av tilretteleggings tiltak. 

Plandokumentasjon finn du her - Lokale planar, reglement og forskrifter - Austevoll kommune