Utforsk dei mange turstiane me har i Austevoll

Kvar øy i Austevoll byr på spennande turmoglegheiter. Frivillige lag og organisasjonar har lagt ned mange dugnadstimar for å skapa fine turområde i kommunen. Austevoll kommune har samla informasjon om dei mest brukte turstiane, jamfør plan for friluftslivets ferdselsårer, på nettsidene. 

Austevoll kommune gjer merksam på at kartgrunnlaget som ligg tilgjengeleg ikkje er nøyaktig. Det på går på noverande tidspunkt eit arbeid med å merke turstiane våre etter den nasjonale merkehandboka. Når dette er gjort vil alle turstiar bli lagt inn i Turrute-basen og vere synleg i Norgeskart.