Huftarøy

Huftarøy er den største øya i Austevoll kommune. Den har eit areal på 49,53 km², og ligg mellom Møkstrafjorden i vest, Bjørnafjorden i øst, Langenuen og Selbjørnsfjorden i sør og Krossfjorden i nord. På det nordlege Huftarøy ligg kommunesenteret Storebø. Bygdane Kolbeinsvik og Vik ligger også på Huftarøy. I turområdet på Loddo ligg dagsturhytta - Adlesi

(forstørr ved å trykke på kartet)

 

Loddo - raud løype

Parker på Åno. Gå opp den grusa vegen o fortsett opp den litt brattare stien tårnet. Før tårnet kan ein ta til venstre for å koma til Adlesi. Frå Adlesi kan ein gå ned orange løype tilbake til parkering.

Loddo den ultimate toppturen i Austevoll (ut.no) *

Loddo - blå løype

Parkering på Åno. Følg løypa opp mot Eido forbi skulehuset. Frå tårnet kan du gå ned raud eller oransje løype.

Loddo - orange løype

Parkering på Åno. Følg grusveg og ta av ved markering til orange løype. Det er trappe i store delar av løypa. Gå forbi Adlesi og vidare til tårnet. Gå tilbake eller vel ei anna løype ned.

Loddo - kvit løype

Parkering på Åno. Følg grusveg og ta av til kvit løype. Følg den opp til tårnet. Gå tilbake eller vel ei anna løype ned.

Loddo - Leiv Magne løypa

Parkering på Åno. Følg grusveg og ta inn på Leiv Magne løypa. Gå vidare til du møter blå løype.

Loddo frå Otterå

Start frå traktorveg ved fylkesveg 546. Følg traktorveg til Trollhaugen. Fortsett på sti til du møter kvitløype. Følg denne opp til tårnet.

Til Loddo frå Otterå (ut.no) *

Trefjellsturen

Start ved Vinnesvatnet. Gå til Veten og fortsett mot Vardafjellet og videre til Loddo. Gå ned til Bratten.

3fjellsturen i Austevoll (ut.no) *

Loddo frå Bratta

Start ved fylkesveg i Bratten. Følg stien opp til Loddo. 

Krigsminneturen

Frå orange løype ta inn på stien til Skåtunhola.

Bjelland - Loddo

Start og parker på Austevoll ungdomsskule.  

 

*Austevoll kommune har ikkje ansvar for informasjon som ligg på ut.no.