Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Hundvåkøy

Hundvåkøy er den tredje største øya i Austevoll kommune, etter Huftarøy og Selbjørn. Som dei fleste andre øyer ut mot kysten er kjenneteiknet nakne knausar, lyngheier og litt skog. Hundvåkøy idrettsanlegg er eit godt startpunkt for fleire turar. 

(forstørr ved å trykke på kartet)

 

Navågen

Start løypa ved skåravegen, det er plass til parkering av ein eller to bilar ved startpunkt . Følg stien til Navågen. her er det bademoglegheiter og grillhytte.

Navågen (ut.no) *

Rundtur Pollen

Parkering ved idrettsplassen. Gå opp mot pollen. Gå øst mot nausta på nordsida av pollen. Følg vegen opp mot Dalavegen. Ta til høgre og gå tilbake til idrettsanlegget

Nordsjøløypa

Parkering ved idrettsplass. Gå mot pollen og vidare via Gåsavatnet mot Rogna.

Nordsjøløypa Hundvåkøy (ut.no) *

Storevarden

Parkering ved kyrkja. Gå opp til leikeplassen i Melingsåsen og følg stien mot Storevarden. Gå tilbake eller følg stien vestover mot melingsvågen for rundtur.

Storevarden Hundvåkøy (ut.no) *

 

*Austevoll kommune har ikkje ansvar for informasjon som ligg på ut.no.