Selbjørn

Selbjørn er den nest største og nest sørlegaste øya i Austevoll kommune. Den har eit flateinnhald på 25 km², og det høgaste punktet er Kongsfjellet, med 185 moh. Sør for øya ligg Selbjørnsfjorden, som skil Austevoll og Fitjar kommunar. Fram til 1964 høyrde søraustsida av Selbjørn til Fitjar kommune, medan nordsida var ein del av Austevoll. Den største staden på øya er tettstaden Bekkjarvik, som er ein gammal handelsstad med gjestgiveri.
 

(forstørr ved å trykke på kartet)

 

Midtfjellet

Start frå hovudvegen til tankane. Ta til venstre ved Veivågvatnet. Følg sti opp til Midtfjellet. Gå ned rundt/ langs Midfjellet og gå opp mot kongegravene. Gå via masta ned til tankane igjen.

Kongsen via Inngjerdet

Start ved Fagerbakkevatnet. Gå via Inngjerdet mot idrettsanlegget og ta til høgre opp mot Kongsen. 

Tankane-Kongsen-Grasdalen

Start frå hovudvegen til tankane. Gå via masta til kongegravene. Gå ned til Grasdalen.

Rabbafjellet

Start frå Ytre Rabben. Følg trase opp til Rabbafjellet. Gå tilbake øst for Øydjordstjørna.

Rabbafjellet (ut.no) *

Kongskleiva

Sherpatrapp opp til Kongsen, passering av viktig kulturminne - kongegravene. Ein kan gå rundtur eller gå tilbake via sherpatrappa. 

Nordsøløypa

Start med Stolmabrua. Følg merka løype til Gauksheim.

 

*Austevoll kommune har ikkje ansvar for informasjon som ligg på ut.no.