Stolmen

Stolmen er den fjerde største øya i Austevoll kommune og ligg lengst sørvest i kommunen. Som dei fleste andre øyer ute mot kysten er kjenneteiknet nakne knausar og lyngheier. Høyste punktet på Stolmen heiter Såta og er ca. 60 meter høgt. Det er fine turmoglegheiter i området og ein kan parkere ved Stolmen skule eller ved Stolmen kyrkje.  

(forstørr ved å trykke på kartet)

 

Globen

Enkel turløype etablert som ei trebru. Startar frå fylkesveg 5138 og går til monumentet Globen. Løypa er ca. 500m. Lett tur, men det er slak stigning opp til endepunkt. Køyr til Stolmen. Ta veg til Våge. Turen startar ved hovudveg. Startpunkt er skilta. Parkering ved Stolmen skule.

Lett tur til Globen (ut.no) *

Globen-Såto

Tursti i variert terreng, gjennom kystlynghei. Sti noko tilrettelagt med klopper. Løypa er noko våt. Same parkering som til Globen. Startpunkt ved fylkesveg. Følg løypa til Globen. Følg skilting og merkeband til 
Såto. Moglegheit for rundtur ved å følgje Nordsjøløypa sør til Våge eller nord til Kvalvåg.

Såto (ut.no) *

Nordsjøløypa

Start frå Kvalvåg ved Stangelandsvatnet. Følg merka sti mot Såto. Frå Såto går du vidare sørvest til du kjem på hovudvegen på Våge.

Nordsjøløypa på Stolmen (ut.no) *

Ystaneset

Start frå Sætrevika og følg stien ut mot Rosseide. Sti er lite merka. Du kan gå i 
terrenget kring vatnet yst på Ystaneset. Returner i same løype til Sætrevika. 
Parkering ved Stolmen kyrkje. 

Ytstaneset på Stolmen (ut.no) *

 

*Austevoll kommune har ikkje ansvar for informasjon som ligg på ut.no.