Vinnes

Vinnes er ei bygd på sørsida av Huftarøy i Austevoll kommune. Vinnes har eit stort og flott tur- og aktivitetsområde. Frå Vinnes er det fleire turstiar til Veten som ligg 214 moh. Parkering ved gamle Vinnes skule, her ligg også Austevoll hundepark.

(forstørr ved å trykke på kartet)

 

Vinnesvatnet til Møllo

Start frå Vinnesvatnet. Ta til venstre når ein skal gå rundt vatnet, følg grusvegen innover. Et stykke innover er det skilta sti til Møllo. Følg stien sørover mot Møllo og badeplass.

Møllo i Vinnes (ut.no) *

Kalvssundholmen

Frå grusvegen ta stien austover mot friluftsområdet.

Kalsundsholmen i Austevoll (ut.no) *

Veten – Uglenes

Start frå Fylkesvegen ved Uglenesvegen. Følg traktorvegen opp Nordre Vik. Gå vest over marka ved Havhaugen. Følg stien opp til Veten. Gå ned på øst sida.

Snartur til Veten (ut.no) *

Sherpatrapp Veten

Ta vegen til venstre inn mot Vinnesvatnet. Gå opp sherpatrappa som startar på den nordaustlege sida, mellom badeplassen og grillstova. Følg stien vidare heilt opp til Veten. 

Veten Dyreløypa

Vel venstre veg inn mot Vinnesvatnet, ta inn på dyreløypa, følgje den opp til Veten. Her kan ein velje å gå same veg ned eller ta ein anna løype.

Veten via Dyreløypo (ut.no) *

Vinnesvatnet

Grusa og enkel turløype rundt Vinnesvatnet. Mykje aktivitet for born. Bading, klatring, grillhytte og bålpanne er noko av tilboda. Heile løypa er lyslagt og kan nyttast på kveldstid heile året. 

Vinnesvatnet tur- og aktivitetsveg (ut.no) *

 

*Austevoll kommune har ikkje ansvar for informasjon som ligg på ut.no.