Ved turstiane på Loddo, Vinnesvatnet og Kongskleiva har Austevoll kommune plassert ut turteljarar for å dokumentere bruken av desse.
Publisert 27.04.2021 08.50
Sist endra 08.05.2023 09.27
Kvifor gjer vi dette?
Hensikta med teljinga er å skaffe oss ein oversikt over kor mykje turnettverka i kommunen faktisk blir brukte, og om tilrettelegging av turløyper fører til auka bruk.
Dette er også ein måte å syna fram dei utallege dugnadstimane som alle lag og organisasjonar bidrar med for å skapa fine turområde i kommunen.
Turteljarane skal stå på ved Kongskleiva, Loddo og Vinnesvatnet, før dei går vidare til andre turområde i kommunen. Dette gjer me for å sjå om aktiviteten varierer frå årstid til årstid. Vi vil også kunne sjå på forskjellar i bruk mellom dei ulike turnettverka.
Alle tal som blir henta inn er heilt anonyme. Teljaren har ein sensor som registrerer deg når du går forbi.
Følg med på teljinga!
I lenka under kan du følge med på dagleg oppdatert telje informasjon frå alle 3 teljarar.
Austevoll kommune (eco-counter.com)