Austevoll har eit godt næringsliv og mange frivillige lag og organisajonar som skapar gode tilbod til innbyggjarane som bur her i kommunen. Dei er iherdige, og jobbar godt på eiga hand og saman med kommunen.
Publisert 24.07.2018 15.47
Sist endra 21.10.2022 15.00
Frivilligkoordinator
Sidan 2016 har Austevoll kommune hatt frivilligkoordinator. Frivilligkoordinatoren legg til rette for kontakt og samarbeid mellom kommune og frivilligheita. Frivilligkoordinator driftar også frivilligsentral i kommunen.
Austevoll frivilligsentral
Austevoll frivilligsentral etablerte seg i november 2018. Vi held til i flotte lokalar i andre etasje i Austevollbadet, der vi jobbar med å laga aktivitetar, møteplassar og venskap for alle som vil. Les meir om Austevoll frivilligsentral ved å trykka på lenka øverst på sida.
Tilskot lag og organisasjonar
Trykk her for å finne meir ut av kommunens mange tilskotsordningar for frivillig arbeid, og når og korleis du kan søke.