Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Austevoll hundepark

Austevoll hundepark ligg i flotte omgivnader ved Vinnesvatnet

 

 

Hundeparken er på ca. 4 mål og tilbyr gode områder for leik og sosialisering til hunden din. Den har inngongssluse, lys og eit grusa område på ca. 500 m2. Resten av parken er naturtomt og du må derfor ta høgde for at det er vått, og at hunden kan bli skitten. Hundeparken blir drifta av Austevoll Hundeklubb.

I området kan alle hundeeigarar la hunden gå utan band, leike og bli sosialisert med andre hundar.

Følgjande reglar for området må respekterast:

1. Når du brukar hundeparken må du sørge for at:

• du har kontroll på hunden din

• bandet blir tatt av/på i slusa

• portane til hundeparken er lukka

• du ikkje lèt hunden din bli åleine i parken

• du ryddar opp søppel og hundebæsj, kast det i avfallsdunken

2. Tisper med løpetid og hundar med aggresjons- og åtferdsproblem har ikkje tilgang til området.

3. Born og unge under 16 år kan berre bruke parken når dei er saman med ein vaksen.

Hunden blir sloppen laus på eige ansvar. Du som eigar eller hundeførar har ansvar for eventuelle skadar som oppstår ved bruk av området.

Kontaktinfo

Austevoll Hundeklubb
E-post
Telefon 40 02 01 29

Opningstider

Alltid open

(Parken kan bli brukt til kurs mm. og stengt for andre besøkande i ein begrensa periode) 

Adresse

Vinnes 71

5396 VESTRE VINNESVÅG

(nord for parkeringa til Vinnesvatnet)