Kulturminne

Austevoll kommune har ei stor og rik kulturarv. Dei eldste spora etter menneska går heilt tilbake til steinalderen. Frå den tida og fram til vår samtid har det vore kontinuerleg menneskeleg aktivitet, og kulturminna er difor mange og varierte. Me finn buplassar, gravminne, handels- og gjestgjevarstadar, sjøbruksmiljø, båt og fartøy, gardsmiljø og minne frå drift i innmark og utmark, fartøy, krigsminne og eit rikt mangfald av privat husbygging.

Kulturminne og kulturmiljø

Kulturminne er alle spor etter menneske sitt liv og virke i det fysiske miljøet. Dei mest verdifulle kulturminna er freda, medan andre kan vera verna eller verneverdige. Dei fleste kulturminna og kulturmiljøa har ikkje nokon formell vernestatus, men kan likevel vera verdifulle for mange.

Kulturminnevern

Alle kulturminne frå 1650 eller tidlegare er automatisk freda etter kulturminnelova. Kulturminne i sjø er automatisk freda når dei rundar 100 år. Enkeltbygg eller bygningsmiljø kan fredast etter særskilde vedtak. Kommunen har no ein kulturmiljøplan som viser retninga for vern av verdifulle bygg og miljø i Austevoll.

Forvaltning av kulturminne

I forvaltninga skil ein mellom arkeologiske kulturminne (frå før reformasjonen), som er automatisk freda, og nyare tids kulturminne, som ikkje har noko automatisk vern. Også nyare tids kulturminne kan fredast, men då etter vedtak frå Riksantikvaren. Det er kommunane som har hovudansvaret for forvaltninga av nyare tids kulturminne, først og fremst gjennom handheving av plan- og bygningslova.

Kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø

Kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø (kulturmiljøplanen)  vart revidert og godkjent av Austevoll kommunestyre i september 2022. Målet med kulturmiljøplanen er å ha eit reiskap for god forvaltning. Planen er og eit middel for å søka tilskot til vern av kulturminna. Private eigarar kan kontakta kommunen for å få hjelp til å søka tilskot og rådgjeving til vern av sine kulturminne.

Kontaktinfo

Kristin Magnussen
Kulturminnerådgjevar
E-post
Telefon 55 08 12 23
Mobil 95 90 25 86