Støtteordning for barn og unge til å delta på fritidsaktivitetar

Kommunen har to støtteordningar for barn og unge som treng økonomisk hjelp til å delta i organiserte fritidsaktivitetar. I Austevoll har vi to ulike støtteordningar, ein som går via Røde Kors og ein som går via Idrettsrådet.  

Idrettsrådet - inkluderingsfondet

Inkluderingsfondet gir barn og unge i alderen 0-24 år moglegheit til å delta i faste, organiserte aktivitetar. Utanforskap handlar om å stå utanfor ulike arenaer eller fellesskap i samfunnet. Ta kontakt viss du eller barnet ditt står i fare for å hamne i utanforskap.

Inkluderingsfondet kan dekke:  

  • deltakaravgift/kontingent
  • nødvendig utstyr 
  • transport, deltaking på cup/leir eller liknande 

 

For å få støtte frå inkluderingsfondet, kan du ta kontakt direkte med idrettslaga:

Dagleg leiar for Selbjørn Idrettslag: Marianne Rabben. Tlf: 94 43 90 55. E-post: dl@selbjornil.no.

Dagleg leiar for Austevoll Idrettsklubb: Lena Bjorøy. Tlf: 92 28 44 59. E-post: lena.bjoroy@aik.no

Dagleg leiar for Hundvåkøy Idrettslag: Alfred Økland. Tlf: 91 34 94 58. E-post: alfredokland@hotmail.com

 

Alle søknadar blir behandla konfidensielt. Dette prosjektet blir gjennomført i samarbeid med Bufdir. 

Røde Kors - Fritid for alle

Røde Kors ønsker at alle barn og unge i Austevoll mellom 0-20 år skal få lik sjanse til å delta på fritidsaktivitetar, uansett bakgrunn. 

Røde Kors støttar: 

  • fritidsaktivitetar
  • kulturskule
  • symjing
  • babysymjing

 

Ta kontakt med ein tilsett i kommunen (rektor, helsesjukepleiar, NAV, barnevern eller liknande) som hjelper deg med påmelding. Ordninga er for familiar med økonomiske utfordringar og kan dekke opptil 3500 kroner per barn.

Om du har spørsmål om ordninga kan du kontakte Austevoll Røde Kors ved Hjerterom på mobil 92 96 19 54 eller e-post: hjerterom@austevollrodekors.no