Bygdahusa er viktige samlingsplassar for lokalsamfunna i Austevoll. Lokalbefolkninga fyller bygdahusa med aktivitet og held hjula i gang. Austevoll kommune erkjenner likevel at det kan vere krevjande å gjere større utbetringar av bygga, utan støtte frå kommunen. I budsjett 2022 er det satt av 150 000 kroner til bygdahuspotten.
Sjå punkt 3 i retningslinene for tildeling for informasjon om kva opplysningar du må fylle inn i søknaden.
Søk om tilskot frå bygdahuspotten (lenkje til elektronisk søknadsskjema)
Retningsliner
1. Føremål
Gjennom bygdepotten ønskjer Austevoll kommune å gje økonomisk støtte til at grenda- og samfunnshusa i kommunen blir tatt vare på, slik at dei er, og held fram med å vere, attraktive for øyane og bygdene våre. Bygdepotten er særleg retta inn mot utbetringar av ein storleik der søkjar og øy- og bygdesamfunnet ikkje klarer å bere kostnadane åleine, og der tilskot frå kommunen blir rekna for å vere avgjerande for å gjennomføre utbetringa.
2. Føremål
Organisasjonar og lag som eig eller har vedlikehaldsansvar for bygdehus kan søkje om tilskot. Med bygdehus meinast bygningar eller lokale der føremålet er samfunnsnyttig og der aktiviteten i hovudsak har frivillig og ikkje finansiell karakter. Tilskot kan bli gjeve til utbetring av heile eller delar av bygningsmassa, og fastmontert inventar.
3. Krav til søknad
3.1 Søknaden må innehalde
- Tallfesta tilskot som det blir søkt om
- Oversikt over styret og kontaktinformasjon til leiaren i organisasjonen/laget
- Kort skildring av prosjektet og utbetringa/-ane som skal gjerast
- Overslag over kostnadar og finansiering, Andre kommunale, fylkeskommunale eller statlege tilskot som er søkt om eller motteke til det gjeldande prosjekt
Søknaden kan også innehalde ei skildring av organisasjonen/laget som søkjer tilskot, vurdering av tilstanden til bygdahuset, eventuelle manglar og behov som ikkje blir utbetra i gjeldande prosjekt, oversyn over faste brukargrupper som brukar bygdahuset, aktivitetar som finn stad, planar for aktivitetar etter utbetringa.
3.2 Storleik på tilskot
Det er mogleg å søke om tilskot avgrensa opp til den totale ramma som er avsett til bygdepotten i kommunebudsjettet. Det er ikkje eit krav, men det blir oppmoda om at tilskotet det blir søkt ikkje er meir enn halvparten av det totale finansieringsbehovet.
3.3 Søknadsfrist
Utvalet som har fått delegert mynde til å fatte vedtak om tilskot, kan endre søknadsfristen dersom utvalet finn dette hensiktsmessig.
4. Krav om oppdatert finansieringsplan og dokumentert ferdigstilling av prosjektet det er søkt om
Før utbetaling av tildelt tilskot skal det sendast oppdatert finansieringsplan til kommunen over prosjektet det er søkt om.
Det skal sendast dokumentasjon til kommunen på ferdigstilling av prosjekt umiddelbart etter at prosjektet er avslutta. Tilskot som ikkje er brukt i omsøkt prosjekt innan to år frå tildeling, skal tilbakebetalast til kommunen. Legg gjerne ved bilete frå aktivitet/tiltak.
Send rapport til postmottak@austevoll.kommune.no. Merk med ‘Rapportering – Bygdahuspotten 2022’