Austevoll kommune

Kulturprisen

Kulturprisen

Som ein stimulans for det lokale kulturlivet deler Austevoll kommune kvart år ut ein kulturpris. Vinnaren av prisen mottar kr 10.000.

Austevoll kommune inviterer deg som innbyggjar til å nominera kandidatar du meiner fortener denne prisen.

Tenesteutvalet deler ut kulturprisen på etterskott kvart år.

Reglar for tildeling av kulturpris

  1. Som ein stimulans for det lokale kulturlivet kan ein kvart år dela ut ein kulturpris til kunstnarar, kulturarbeidarar eller lag og organisasjonar med tilknyting til Austevoll kommune.
  2. Prisen kr 10.000,- blir gitt for aktiv innsats for kulturlivet i kommunen eller til planlagt utdanning til kulturarbeid.
  3. Framlegga skal vera skriftlege og grunngjeve. Tenesteutvalet gjer endeleg vedtak om kven prisen skal gå til.

Send innspel til kandidatar til kulturpris 2022 til postmottak@austevoll.kommune.no.

Merk at framlegga skal vere skriftelege og grunngjevne.

Nominasjonane er unnateke offentleg innsyn. Med heimel i offentleglova § 5 tredje ledd vert innsyn i vedtak i saka utsett til hendinga der det skal offentleggjerast, har funne stad.

Frist for å koma med innspel for kulturprisen 2022 blir annonsert seinare.

Oversikt over mottakarar av kulturprisen tilbake til 1995:

2021 - Karl Olav Kalvenes

2020 - Ruth Johnson

2019 – Astrid Fagerbakke Heggland

2018 – Austevoll husflidlag

2017 – KDV musikk-korps

2016 – Eva Waage

2015 – Steinar J. Christensen

2014 – Ingunn Anne Berge Vik

2013 – Håvard Brekke Haugland

2012 – Åse Solbakken

2011 – Rasmus Kåre Storebø

2010 – Karl Johan Haugland

2009 – Geir Veivåg

2005-2008 – Ikkje tildelt

2004 – Hundvåkøykoret

2003 – Ikkje tildelt

2002 – Line Stenevik

2001 – Hallvard Bertin Birkeland

2000 – Velinda Hille

1999 - John Sverre Njåstad

1995 - Karl Johan Haugland

Kontaktinfo

Mandana Zadeh
Kulturkoordinator
E-post
Telefon 55 08 11 19