Søk om spelemidlarLytt til tekstenStopp avspillingSpelemidlar er overskotet frå spela i Norsk tipping. Midlane kan nyttast til bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftslivanlegg. Det kan ikkje søkast om tilskot til drift og løpande vedlikehald. Bestemmelsar om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2022. Publisert 28.03.2021 13.49 Sist endra 04.04.2023 15.25 Kven kan søkje? Lag og interesseorganisasjonar som er registrert i Brønnøysundregistera. Kor mykje kan du søkje om? Som hovudregel kan du søke om inntil 1/3 av total kostnadsramme for ordinæreanlegg og inntil 50 % av total kostnadsramme for nærmiljøanlegg. Her finn du meir informasjon om ditt anlegg. Krav til søknad Detaljert kostnadsoverslaget, som skal inkludera både kostnader som gir tilskot og kostnader som ikkje gir tilskot Finansieringsplan Dokumentasjon på eventuell dugnad (denne skal dokumenterast med innhenta tilbod frå leverandør/entreprenør, eller vere bekrefta frå kvalifisert fagperson) Dokumentasjon på eventuelle gåver, dokumenterast med gåvebrev Dokumentasjon på eigenkapital Dokumentasjon på andre tilskot (kommunale, fylkeskommunale eller frå andre interesseorganisasjonar) Lån bekrefta med kopi av lånetilsegn Dokumentasjon på eigedomsforhold, rett til bruk av grunn Fullstendig teikningsgrunnlag (situasjonsplan, planteikningar, fasadeteikningar, snitteikningar) Skildring av arkitektur, estetikk og miljøtilhøve. Behovsoppgåve (skildringar av barn og unge sine behov vurdert mot eksisterande tilbod) Plan for drift og vedlikehald Anlegget skal vere registrert i kommunal plan for idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftsliv Prosedyre Kontakt kommunen for å melda inn anlegget til anleggsregisteret og plan for idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og fysisk aktivitet innan 1. september. Send inn søknad om spelemidlar innan 1. oktober. Kommunen sender inn søknad til fylkeskommunen innan 15. januar. Søk om momskompensasjon for ferdigstilte idrettsanlegg innan 1. desember. Vedtak om tilskot spelemidlar i løpet juni. Utbetaling av tilskot spelemidlar påfylgjande haust. Meld inn anlegget ditt til plan for idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og fysisk aktivitet Meld inn anlegget ditt (skjema) Søk om tilskot Send inn søknaden elektronisk her Momskompensasjon Frivillige lag og organisasjonar kan søka om momskompensasjon for bygging og rehabilitering av idrettsanlegg, samt kompensasjon for ordinær drift. Les meir om ordninga. Nyttige skjema Meld inn anlegget ditt til plan for idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og fysisk aktivitet Kostnadsoverslag (XLSX, 15 kB) Sjekkliste for søknad (DOC, 45 kB) Plan for drift (XLS, 40 kB) Prov på gåvebrev (ODT, 9 kB) Rekneskapsskjema (ODS, 23 kB)