Austevoll kommune

Viltforvaltning

Viltforvaltning

Austevoll kommune er øvste viltorgan.
SFLMK (Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor) saman med viltnemnda har fått delegert mynde til å forvalte viltet i Austevoll - både jaktbare og andre artar. Vår målsetting er å oppretthalde eit berekraftig mangfald av dei stadeigne artane innafor vårt forvaltingsområde.

Viltforvaltninga omfattar forvaltning av alle pattedyr, fuglar, krypdyr og amfibium. Det overordna målet i viltlova er at viltet og viltet sitt leveområde skal forvaltast slik at naturen sin produktivitet og artsrikdom blir tatt vare på. Omsyn til viltet skal innpassast i kommunal og fylkeskommunal planlegging.

Austevoll kommune skal forvalta viltressursane innanfor kommunen til ei kvar tid etter gjeldande lover og forskrifter.

Det er eit mål å leggja til rette for lokal forvaltning av viltressursane i eit perspektiv som er bygd på næring og rekreasjon. Samstundes er det ei målsetting at viltbestandane skal regulerast på eit nivå som tek omsyn til beitegrunnlaget, anna biologisk mangfald og andre samfunnsinteresser.

Ein stor del av viltforvaltninga går til forvaltning av hjort. Arbeidsoppgåvene er m.a.:

  • Årleg tildeling av fellingsløyve
  • Ta hand om skadde hjortedyr (fallvilt)
  • Få til tenlege hjortevald
  • Få til eit godt samarbeid mellom grunneigarane om ei god forvaltning av hjorteviltet
  • Skadeførebyggjande arbeid på åker og eng
  • Styring av det kommunale viltfondet.

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor ønskjer å kome med fagleg rettleiing innan lokal småvilt- og hjorteviltforvaltning. For å få ei effektiv lokal viltforvaltning på Austevoll er samarbeidet med grunneigarar, jegerar og andre interesseorganisasjonar heilt avgjerande.