Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Alt vilt som døyr av andre årsakar enn ordinær jakt vert karakterisert som fallvilt.
Påkøyrsel av hjort er den største årsaka til fallvilt, og om ein er så uheldig å treff ein hjort etter vegen, meld frå umiddelbart til 02800. Austevoll kommune har avtale om ettersøk og handsaming av vilt som vert påkøyrd i trafikken.
Publisert 23.09.2021 09.53
Sist endra 23.09.2021 12.10
- Ring politiet (02800)
- Oppgi tid og stad for påkøyrsel
- Beskriv type dyr, og om det var fleire dyr saman
- Kan du seie noko om kva skade som er påført dyret?
- Om dyret har sprunge vidare - forsøk å legge merke til kva retning det sprang i
- Bli på plassen til ettersøksekvipasje kjem
- Om du ikkje har mogelegheit til å bli på plassen kan du merke av kollisjonsstaden med plastpose e.l.
- Dødt vilt som ligg i vegkanten kan meldast inn til Statens Vegvesen på telefon 175.
Skadde eller lidande dyr er ikkje hyggeleg å sjå, om ein ser skadde dyr ein meiner viltforvaltninga må ta hand om kan ein ta kontakt med SFLMK.
- Gunnar Kleive (Stord Fitjar landbruk- og miljøkontor) - 481 24 668
- Jorunn Kårvatn (Stord Fitjar landbruk- og miljøkontor) - 53 45 85 43
For skadde hjortevilt i Austevoll kommune kan ein og kontakte:
- Eidvin Haveland - 928 69 917