Austevoll kommune

Varsel om koking av vatn til kundar på Stolmen 17.08.19

Til kundar på Stolmen

Det er påvist bakterier i drikkevatnet på Stolmen og inntil årsak er avklart må difor alt drikkevatn kokast. Me har grunn for å tru at problemet kun gjeld eit avgrensa område på leidningsnettet, men inntil vidare gjeld allikevel kokevarselet heile Stolmen for å være på den sikre sida. Kokevarselet gjeld alt vatn som skal drikkast, nyttast til matlaging og tannpuss. Klevask, dusjing m.m går fint. Me jobber med å finne årsak til problemet og vil sende nytt varsel når vi veit meir.

Med helsing
Austevoll Vatn Avløp

Følg med på nettsida til Austevoll Vatn og Avløp http://akava.no/Driftsmelding

Forskrift om båndtvang og gjerdebruk

Forskrift om bandtvang og gjerdebruk

I møte den 06.02.2007 (sak 0017/07) vedtok kommunestyret


I forskrifta om utvida bandtvang for hund vart følgjande fastsatt med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald (hundeloven) § andre ledd bokstav e:

§ 1. I Austevoll kommune pliktar eigar eller brukar av hund å halda hunden i band, forsvarleg innegjerda eller innestengt heile året.

§ 2.Unntak frå bandtvang går fram av § 9 i hundelova. Dette gjeld m.a

  • dressert hund brukt til gjeting
  • hund i aktiv politi-, militær- og redningsteneste eller under trening eller prøving for slik teneste
  • hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter såra vilt
  • hund brukt til jakt, jakthundtrening og jaktprøving.

§ 3. Brot på denne forskrifta er straffbart.

§ 4. Denne forskrifta trer i kraft straks.

Fann du det du leita etter?