Austevoll kommune

Næring

Næring

Med gründerånd og høg gjennomføringsevne utforskar næringslivet i Austevoll stadig nye moglegheiter knytt til havrommet. Nye verksemder kjem til, medan etablert næring stadig vidareutviklar sine produkt og tenester.

Austevoll blei rangert nr 1 i fylket  i 2017 i NHO si måling om attraktivitet og lokal vekstkraft. Nasjonalt er Austevoll nr 6 av 426 kommunar. Innan verdiskaping, nyetablering, sysselsetting og kjøpekraft blei Austevoll rangert som nr 1 i Noreg.

Kommunen si rolle er å vere rådgjevar, medspelar og tilretteleggjar – med mål om utvikling og innovasjon i lokalt næringsliv og fleire lokale arbeidsplasser. Tett samarbeid med nærings- og organisasjonsliv - og med eksterne aktørar gir resultat. Eitt døme i 2017 er samarbeid med Forskingsrådet om mobilisering til SkatteFunn-ordninga som gir bedrifter refusjon på prosjektkostnadar knytt til innovativt FoU-arbeid. Antall lokale prosjektsøknadar som fikk stønad gjennom denne ordninga auka med 71 prosent frå 2016 til 2017. 

Austevoll kommune arbeidar med å rette merksemd mot lokalt næringsliv. Fishery Match 2017 i Bergen og i Austevoll er eitt døme, der 75 bedrifter og organisasjonar deltok, blant dei 25 frå utlandet. Næringsdagane i Austevoll 2017 i regi av Austevoll næringsråd, støtta av kommunen, er eit anna døme. I 2017 blei og prosjektet Blått kompetansesenter presentert på Aqua Nor i Trondheim. Gode prosjekt frå lokalt næringsliv blei vist fram for eit større publikum. Kompetansesenterprosjektet mottok i 2017 tilsegn om delfinansiering frå mellom andre Hordaland fylkeskommune, og samarbeidet omfattar no både opplærings- og utdanningsmiljø, forskingsmiljø og lokalt næringsliv. Vidare er det signert intensjon om samarbeid med mellom andre havklyngane NCE Seafood Innovation Cluster og NCE Maritime Clean Tech.

I Austevoll fiskerihamn, det nasjonale fiskerihamnprosjektet på Salthella, har det i 2017 vore stor anleggsaktivitet med mellom anna bygging av tre kommunale kaiar.

Kontaktinfo

John Tveit
Kultur- og næringsjef
E-post
Mobil 980 28 771
Fant du det du leita etter?