Austevoll kommune

Etablererprøva i serveringsverksemd

Etablererprøva i serveringsverksemd

I Austevoll kommune kan du avlegge Etablererprøva for serveringsverksemd. Ta kontakt med Servicekontoret for å avtale prøvetidspunkt.

Prøven takast elektronisk og du har anledning til å nytte reine lov- og forskriftstekster som hjelpemiddel.

Prøven er ein fleirvalsprøve. Til kvart spørsmål står det fleire svaralternativ der berre eitt alternativ er riktig svar på spørsmålet. Du skal krysse av det svaret du meiner er korrekt.

Du får 90 minuttar til å svare på prøva. For å få bestått prøve må 40 av 50 svar vere rette. Alle som består vil få diplom som bevis på bestått prøve.

Det må framvisast gyldig legitimasjon.

Det kostar kr. 400,- å avlegga Etablererprøva

Fant du det du leita etter?