Austevoll kommune

Kunnskapsprøve om alkohollova

Kunnskapsprøve om alkohollova

I Austevoll kommune kan du avlegge kunnskapsprøve i alkohollova. Ta kontakt med Servicekontoret for å avtale prøvetidspunkt.

Det er ulik kunnskapsprøve for salsløyve og skjenkeløyve. Prøva avleggast elektronisk. 
Du har kun anledning til å bruke ordbøker som hjelpemiddel, til dømes engelsk-norsk/norsk-engelsk ordbok.

Kunnskapsprøva om alkohollova er ein fleirvalsprøve. Til kvart spørsmål står det fleire svaralternativ, der berre eitt alternativ er riktig svar på spørsmålet. Du skal krysse av det svaret du meiner er korrekt.

Du får 60 minuttar til å svare på prøven. For å få bestått prøve må 24 av 30 svar vere rette. Alle som består vil få diplom som bevis på bestått prøve.

Det må framvisast gyldig legitimasjon før du avlegg prøva.

Det kostar kr. 400,- å avlegga kunnskapsprøva.

Fant du det du leita etter?