Næringslivet i Austevoll

DSC_0177.jpg - Klikk for stort bilete

Austevoll er særleg kjent for å vera ei av dei leiande maritime kommunane i landet. Austevoll kommune ynskjer å legge best mogleg tilrette for at det er godt å drive næringsverksemd i kommunen.

I menyen til venstre vil du finne meir informasjon om næring i Austevoll kommune. Er du ute etter skjema eller andre ting du treng hjelp til, gå til framsida under "Sjølvbetjening" eller "Skjema". Du kan også nytte søkefunksjonen oppe til høgre.

 

Vil du vite meir om næringslivet i Austevoll?

 

Fiskeri, havbruk og offshore er dei største næringane i Austevoll. Her er ei av Noreg si største ringnotflåte, samt flest oppdrettsanlegg i landet. I offshore-næringa eig dei ulike selskapa tilsaman over 100 offshore fartøy. Austevoll har fleire gongar utmerka seg i ulike rangeringar som blant anna NHO sitt Nærings-NM, i tillegg til å vera nemnt i artiklar og innslag i nasjonale media.

 

No har ikkje Austevoll berre maritime bedrifter å visa fram, Austevoll kommune vil også å kunne legge til rette for andre bransjar og ynskjer eit breitt og godt næringsliv. Foruten om den maritime næringa, har vi eit spennande reiseliv med spennande moglegheiter for mat og overnatting. Frå Austevoll kjem Europameister og ein av verdas beste kokkar - Ørjan Johanssen.

 

Har du ynskje om å starte bedrift, eller kanskje driv du allereie ei?

 

Vi ynskjer å legge til rette for at det skal godt å drive næringsverksemd i Austevoll, på denne nettstaden vil du finne naudsynte skjema og informasjon, manglar du noko ta kontakt med servicekontoret så vil dei hjelpe deg vidare.

 

Kontakt

Ruth Larsen

Ruth Larsen

Kommunalsjef - Utvikling og forvaltning

John Tveit

Kultur- og næringssjef

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS