Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Om barnet ditt har spesielle utfordringar, kan han eller ho ha rett til spesialpedagogisk hjelp. Barnet kan ha rett på hjelp frå fødselen av, og uansett om han eller ho går i barnehage eller ikkje.
Spesialpedagogisk hjelp
Spesialpedagogisk hjelp skal førebu barnet til skulestart.
Spesialpedagogisk hjelp kan for eksempel vera trening, stimulering eller støtte til dei som jobbar i barnehagen. Foreldrene skal alltid få tilbod om rådgjeving. Hjelpa skal vera tilpassa behovet til barn ditt.
Utdanningsdirektoretat har laga Informasjonsarket "Spesialpedagogisk hjelp på fem minutter". Dette er omsett til ulike språk.
Om du er bekymra for utviklinga til barnet ditt, kan kommunen og pedagogisk psykologisk tjeneste (PPT) vurdere og gje råd om kva barnet treng. Om barnet ditt går i barnehagen, vil barnehagen hjelpe deg i prosessen.
Før barnet får spesialpedagogisk hjelp, må kommunen fatte eit enkeltvedtak.
- kan kreve at kommunen undersøkjer om barnet treng spesialpedagogisk hjelp
- skal bli involvert og seie ja før kommunen ber PP-tenesta om å vurdere barnet
- skal bli involvert og seie ja før kommunen bestemmer at barnet skal få spesialpedagogisk hjelp
- skal få ein skriftleg rapport ein gong i året om hjelpa barnet får, og ei vurdering av korleis barnet utviklar seg
- kan klage om barnet ikkje får spesialpedagogisk hjelp
- kan klage på innhaldet, gjennomføringa eller organiseringa av hjelpa
Utdanningsdirektoretat har laga Informasjonsarket "Spesialpedagogisk hjelp på fem minutter". Dette er omsett til ulike språk.
Nynorsk (PDF, 214 kB)
Engelsk (PDF, 187 kB)
Polsk (PDF, 179 kB)
Russisk (PDF, 172 kB)
Somali (PDF, 197 kB)
- involvera og spørre foreldra før kommunen fattar vedtak som gjeld barnet
- vurdera om barnet treng spesialpedagogisk hjelp
- be PP-tjenesta om å gjera ei sakkyndig vurdering om foreldre, kommunen eller barnehagen meinar at barnet treng spesialpedagogisk hjelp
- fatte eit enkeltvedtak som seier om barnet skal få spesialpedagogisk hjelp eller ikkje, og kva hjelpa skal vera
- gje barnet spesialpedagogisk hjelp slik det er skildra i enkeltvedtaket
- sørge for at det blir laga ein skriftleg rapport om den spesialpedagogiske hjelpa og utviklinga til barnet ein gang i året