Bekkjarvik maritime FUS barnehage

Maritime gleder og opplevingar i eit trygt og omsorgsfullt miljø. Saman gjev me barndomen verdi: leik og glede, kvardagsmagi og vennegaranti.
 

 


 

Bekkjarvik maritime FUS barnehage ligg landleg til i enden av eit byggjefelt. I nærleiken av barnehagen finn me sjø og strand, skogområde, fotballbane og skule. Me er ein maritime barnehage med eigen barnehagebåt og saltvatnakvarie inne i barnehagen vår. I akvariet har me krabbar og ulike fisk som me ofte finn i standsona. Vår, sommar og haust bruker me barnehagebåten vår så mykje me kan. Me fisker, drar teiner, sløyer fisk og studerer fisken sin utsjånad både utanpå og inni. Er me heldige blir det nok fangst til ein liten smakebit, eller heimalaga fiskekaker. Alle dei tilsette som er i båten har båtførarkurs, og livreddarkurs.

Her er Bekkjarvik maritime FUS barnehage sin årsplan.

Barnehageplassen kostar
Plasstorleik Kostnad per månad frå 01.01.2023 Kostnad per månad frå 01.08.2024
100 % 3 000 kr 1 500 kr


 

Kontaktinfo

Katja Kayser Djupevåg
Dagleg leiar
E-post
Telefon 55 08 21 94
Mobil 47 64 73 73

Opningstider

06.45-16.30

Sommaropen

Adresse

Besøksadresse:

Alvamyrvegen 11,
5397 Bekkjarvik

Postadresse: 

Alvamyrvegen 11,
5397 Bekkjarvik